Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

To skular evakuart etter gasslekkasje

$
0
0

Ein tank med inntil 25 tonn gass har byrja lekke i Etne. Politiet evakuerte heile industriområdet og fleire skular.

Evakuert er når ein må forlate ein stad fort fordi det kan vere farleg der.

Tidleg onsdag morgon eksploderte det i eit elektroskap inne på eit industriområde på Tongane i Etne.

Like ved låg ein gasstank og det vart slått alarm då det byrja å brenne ved gasstanken.

Nokre timar seinare vart det oppdaga ein lekkasje i ein tank som rommar inntil 25 tonn propangass.

– Det er ein mindre lekkasje, men vi har ikkje greidd å stogge den. Difor har vi evakuert heile industriområdet og tre skular, i tilfelle at dette skal auke på, seier politistasjonssjef i Haugesund, Edgar Mannes.

Like etter tolv seier politiet at faren for eksplosjon er over.

 

Barneskulen vart evakuert to gonger

 

Enge skule i Etne er kombinert barne- og ungdomsskule. Dei ble evakuert.

Skulen ligg nokre hundre meter frå Tongane industriområde.

– Vi er ein stor skule med SFO. Evakueringa gjekk veldig raskt og det var imponerande av ungane, dei gjekk roleg og fint, seier rektor Morten Odeen.

Elevane gjekk til ein eldre skule i nærleiken. Dei fekk så beskjed om at dei kunne gå attende til skulen sin.

–  Etter ei stund fekk vi beskjed frå kriseleiinga om at faren var ikkje heilt over, fordi tryggingssona gjekk omtrent ved skulen, seier rektoren.

Dei vart evakuert til kyrkja i nærleiken.

– Nokre av elevane er sjølvsagt urolege og syns dette var skummelt, fordi dei veit ikkje kva dette inneber eller kva som skjer. seier rektoren.

 

Ingen veit kva som har forårsaka brannen i elektroanlegget og gasslekkasjen. FOTO: TORSTEIN NYMOEN/ GRANNAR

Ingen veit kva som har forårsaka brannen i elektroanlegget og gasslekkasjen.
FOTO: TORSTEIN NYMOEN/ GRANNAR


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858