For dei 10 år gamle skiskyttarane Signe og Johanne var det stort å få møte Tarjei og Johannes Bø under skiskyttarturneen i Stryn laurdag.
Saman med mødrene sine reiste Signe Meek Aaslid (10) og Johanne Hoggen Totland (10) frå Volda laurdag morgon med eitt mål for auge.
– Vi kom hit for å møte Tarjei og Johannes, seier Signe medan både ho og Johanne smiler.
Mykje folk
Og dei var langt frå åleine om å ta turen til Stryn sentrum denne dagen.
I samband med skiskyttarturneen «Spenning i sikte» var Tora Berger og brørne Bø på plass i bygda.
Målet er å gi unge høve til å bli betre kjent med sporten og kanskje inspirere dei til å starte med skiskyting.
Det var ikkje få som samla seg rundt dei lokale skiskyttarheltane for å ta bilete med dei og få autograf. Blant dei var Signe og Johannes.
– Tarjei og Johannes er kule, seier Johanne.
– Og flinke, skyt Signe inn.