Kva søkte vi nordmenn på i fjor? Ei ny oversikt viser kva som var dei mest populære søka på Google i 2013.
SJÅ OGSÅ: Musikkvideo blei internett-hit
Supernytt tok ein prat med nokre elevar på Korsvoll skule om kva og kven dei trudde toppa googlelistene i året som gjekk.
- Eg trur det var ein fotballspelar, seier Wilhelm (12).
- Isac Elliot? spør Maria (12).
Nei, det er faktisk Justin Bieber som er den personen som vi i Noreg søkte mest på i fjor.
På andre plass finn vi ein norsk artist, nemleg Tone Damli Aaberge.
På tredjeplass hamna Miley Cyrus. Det synast Wilhelm ikkje er så rart:
- Ho har litt rare musikkvideoar, seier han.
Men får vi dei svara vi leitar etter når vi søkjer på nett?
- Ein gong søkte eg på mamma, og då kom det opp mange magedansarar, fortel Aleksander (12).
- Eg prøvde å søkje opp ballettlæraren min, og då fekk eg opp bilete av masse glamourmodellar uten klede, seier Mari (12).
SJÅ OGSÅ: Norske barn og unge er av dei som bruker smarttelefon og internett mest i Europa
Kva kjem du til å søke mykje på i 2014? Skriv di meining i kommentarfeltet under.