Det er eit skikkeleg museår i nord i år, og spesielt i Finnmark.
- Me forventa at det skulle skje, fordi det kjem slike toppår med mange gnagarar kvar fjerde-femte år, seier forskar Rolf Anker Ims.
Mest mus er det i Nord-Noreg. Det er gråsidemusa det er mest av. Dei finns både i skogen og langt til fjells. Det blir mange mus, og dei kan bli store.
- Kor mange mus og gnagarar er det snakk om?
- Viss me tenkjer oss ein plass som er omtrent så stor som ein fotballbane kan det vere over 100 mus på eit slikt område.
Både mus og lemen er planteetarar, så mange plassar i Finnmark kan ein no sjå klare spor på at det er mange mus.
Sidan lyng og gras gnagas ned, blir det store brune flekkar der gnagaren har kosa seg.
- Ein kan faktisk sjå spora og store brune plassar frå satellittar i verdsrommet, fortel Anker Ims.
Det er bra at det kjem år med mange mus og gnagerar. Det er bra mat for rovdyr og rovfuglar, og for at dei skal kunne halde seg i live.