Sommaren er perfekt lesetid. Kva med å ta med ei bok på stranda i sommar? Eller i parken? Eller på hytta? Eller berre kose deg med den heime? Her kjem sju bøker som er anbefalt å lese i sommar.
«Pappaer overalt» av Kaia Nyhus Dahle
Ein kan samle på alt, til og med pappaer. Hovudpersonen i "Pappaer overalt" har ingen pappa sjølv, men samlar alle pappaer ho ser inn i forskjellige grupper etter lukt, lyd eller rett og slett kva dei gjer. Nokon pappaer ser for eksempel ut som ei ugle, andre kan vere eit klatrestativ, og mange har bil. Dette er ei bildebok som er både morosam og trist, og har veldig mange fine bilete.
«Mulegutten» av Øyvind Torseter
"Mulegutten" er ein nysgjerrig og eventyrlysten prins som rir ut for å redde sine brødre. Han oppdagar at eit troll har gjort brødrene og prinsessene deira om til stein. Forteljinga byggjer på eventyret om risen som ikkje hadde noko hjarte på seg, og er både morosam og spennande.
«Morkels alfabet» av Stian Hole
«Eksperimentet» av Harald Nortun
Må ein gut vere gut, og ei jente vere ei jente? Kva skjer når tvillingane Amund og Amanda byttar roller? Dei greier å lure både besteforeldre og nye sommarvenner. Men så merkar dei at forventningane til deg er heilt forskjellige om ein er gut eller jente. Denne boka er både pinleg og spennande. Greier dei å halde på løgnen?
«Clue-serien» av Jørn Lier Horst
"Rivertongåten" er den siste boka i Clue-serien. Men sjølv om boka er ein del av krimserien, går det fint an å lese sjølv om ein ikkje har lese tidlegare bøker før.
Under den nederste greina på eit grantre i skogen finn Cecilia, Leo, Une og hunden Egon ei gamal og mystisk trekasse. Før dei får opna kassa, kjem det nokon svartkledde menn som hentar den med seg rett framom nasen deiras. Det blir både skummelt og farleg og mange dillemma å ta stilling til.
«Villheks-serien» av Lene Kaaberbøl
Clara oppdagar at ho har uante krefter, og flyttar inn i eit farleg og utforskande magisk univers. "Atterkommaren" er den siste boka i serien "Villheks." I denne fantasyserien heng bøkene tett saman, og ein bør ha lese dei tidlegare bøkene.
I "Atterkommaren" har Blodsungen vendt tilbake til livet. Ho vil gjere alt for å bli der, om ho så må ete kvart einaste levande vesen på jorda! Det er opp til Clara og heksekretsen hennar å stanse henne – sjølv om dei veit kva det krev: For å få atterkomaren ut av verda må éin i kretsen døy.
«Nysgjerrig på... Havdypet» av Marianne Løken
Dette er ei faktabok. Du tenkjer kanskje det er kjedeleg i ferien, men tvert i mot. Denne er kjempespennande. Her får du greie på alt du lurar på om havet. For eksempel visste du at lever monsterblekksprutar fleire tusen meter ned i havdjupet? Eller kvifor nokon fiskar tålar trykk me menneske ikkje gjer? Dette, og mykje meir kan du få svar på i "Nysgjerrig på... Havdypet." Boka har mange sjeldne fotografi og kule teikningar.
Kva er di favorittbok?