Når ein får ein pose potetgull er det vanskeleg å berre ta eit par flak. Ein klarar rett og slett ikkje stoppe og eta, og plutseleg er posen tom. Kvifor?
Hjernen har eit system som skal sikre på at me heldt oss i live.
Det gjer den ved å gje oss eit stort behov for å ete mat, og etter måltidet gje oss ei behageleg kjensle av å vere mette. Det skriv Illustrert Vitenskap.
Kan bli avhengig
Kjem systemet ut av balanse, risikerer me å bli så glade for den gode kjensla at me vil ha han heile tida.
Det kan gjere at me blir avhengige av røyk og alkohol, men også av potetgull og sjokolade.
Får masse energi
Feitt og sukker har nemleg ein eigen evne til å gjere hjernen glad fordi sukker og feitt gjev oss massevis av energi.
Ein får ekstra lyst på søte og feite ting om ein er sliten eller stressa. Då kjenner me oss rolegare og meir avslappa.
Kva er du avhengig av?