Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Marit Bjørgen skal bli mamma

$
0
0

Skistjerna Marit Bjørgen er gravid med sambuaren Fred Børre Lundberg.

Marit Bjørgen stiller difor ikkje til start neste sesong.

Etter at ho vann VM-gull i Falund tidlegare i vinter var det mange som lurte på om Bjørgen skulle legge opp ski-karrieren. Sjølv tok ho det heilt med ro og fortalde at ho kom til å satse vidare.

Men på tysdag fortalte Bjørgen at planane er endra.

- Eg ville sleppe ei lita sjokk-bombe. Eg blir mamma i desember, seier ho. 

I NRK-programmet "Verdas beste skijenter", som gjekk på TV i vinter sa Bjørgen at ho håpa ho hadde mogelegheit til å stifte familie.

– Det blir ikkje så mange skirenn til vinteren, det gjør det ikkje. Men eg har lyst til å vere tilbake i 2017 hvis ting fungerar bra, sier hun.

Det betyr at 35-åringen satsar på VM i Lahti og truleg også OL i Pyeongchang i 2018.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858