Det svenske hoffet har fortalt at prinsesse Madeleine har født sitt andre born, og at ho har fått ein son.
Prinsesse Madeleine og mannen hennar Chris O'Neils fyrste born, prinsesse Leonore Lilian Maria, vart født i februar i fjor. No har ho fått ein veslebror.
Dette blir det tredje bornebornet til Kong Carl Gustav og dronning Silvia, og fødselen skjedde berre to dagar etter at heile familien feira bryllaupet til prins Carl Philip og hans Sofia Hellqvist.