Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Vil ta i mot seks syriske flyktningar

$
0
0

Ekteparet Bodil og Ole Johannes Øvretveit har eit stort hus. No vil dei huse syriske flyktningar, og ber andre med god plass om å gjere det same.

– Eg las om ein kommune som sa dei ikkje hadde husrom til flyktningane. Då tenkte eg: «For ein gongs skuld, Ole Johannes, skal du faktisk dra fordelen av at du bur i eit veldig stort hus», fortel Ole Johannes Øvretveit.

Kom med erklæring i avisa

48-åringen er journalist i avisa Firda og i laurdagsspalta «Skrivekløe» skriv at han vil huse seks syriske flyktningar.

– Store deler av huset mitt står ubrukt. Så eg tenkte at no får eg berre slå til, seier Øvretveit til NRK.

«Vi har alle vunne i Lotto»

Stortingsfleirtalet vedtok denne veka å ta i mot 8000 syriske flyktningar over dei neste tre åra.

Samstundes har kommunane meldt tilbake at dei berre ser føre seg å ta i mot om lag 2800. Det gjer Øvretveit opprørt.

– Folk går rundt og drøymer om å vinne i Lotto. Det har vi allereie gjort alle saman, berre ved å bli fødde i Norge. Eg trur mange har både hus, leilegheiter og rom som kunne vore brukt til å huse flyktningar. Derfor seier eg kom 'an!

Besøkte flyktningleir

Engasjementet for flyktningane vart for alvor vekt då familien Øvretveit i fjor var på ferie i Jordan.

– Då såg eg den grufulle armoda som rår blant flyktningane. Det gjorde inntrykk for livet. Du kan sjå det på TV, lese om det og høyre om det, men når du ser det... Det er rett og slett forferdeleg.

SÅG ARMODA: Ole Johannes Øvretveit og familien var i fjor på ferie i Jordan, der dei besøkte dei ein syrisk flyktningleir. – Inntrykka vil sitje att heile livet. FOTO: PRIVAT

SÅG ARMODA: Ole Johannes Øvretveit og familien var i fjor på ferie i Jordan, der dei besøkte dei ein syrisk flyktningleir.
FOTO: PRIVAT

 

 

 

 

 

 

 

 

Artikkelen er fra nrk.no og er skrevet av Vidar Gudvangen.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858