Eit par tre og lastestroppar er alt som skal til for å ha det gøy.
UT.no har i samband med Friluftsåret 2015 ei serie som gir deg tips og triks til ting du kan gjere ute.
Her får du oppskrifta på korleis du kan gå på slakk line.
Du treng:
- To tre
- To lastestroppar
- Litt balanse
Så gjer du dette:
- Spør foreldra dine om de har lastestroppar enten i boda eller i garasjen.
- Finn to tre som står nokre meter unna kvarandre. Fest lastestroppane i dei to trea og kople dei saman.
- Stram lastestroppane, men ikkje så stramt at den ikkje gir litt etter når du går på den – ta eit par steg og justér alt ettersom kor stram eller slakk du vil ha den.
- Vips har du ei slakk line!
Dette UTeTrikset er det Torgrim Nilsen, Trond Ivar Bækken og Sindre Thoresen Lønnes som har lagd for UT.no