Carmen sin pappa har sitte i fengsel. No har ho og andre som har foreldre i fengsel fotografert korleis det ser ut inne i fengselet. Det har blitt til ei stor fotoutstilling.
- Det e ei tøff oppleving å ha pappa i fengsel, fortel 15-åringen. Ho synest det var vanskeleg å fortelje vennene at pappaen hennar sat i fengsel.
- Det var enklare å seie at han var på ferie eller at han jobba i utlandet, fortel ho.
Det er mange som har foreldre i fengsel. Faktisk er det mellom 6000-9000 ungar som har det slik i dag.
I organisasjonen For Fangars Pårørande (FFP) jobbar dei for at pårørande til dei som sit i fengsel skal få det litt betre. Her møtte Carmen andre som gjekk gjennom det same som henne.
- FFP har vore veldig viktige i livet mitt. Dei har gjort så eg har sett at eg ikkje er den einaste. Dei har fått meg til å føle meg som eit normalt born, seier Carmen.
Carmen har eit råd til andre born og ungdom som går gjennom det same som ho har oppleve:
- Prat med nokon! Om du ikkje føler du kan prate med venner eller familie så prat med helsesyster eller ein psykolog.
Har du foreldre som sit i fengsel, og du treng å prate med nokon? Ring For Fangers Pårørende (FFP) på 22 11 41 30.