Over 100 born og ungdom var samla på Hønefoss og datamessa Hackaton forrige helg. Her lærte dei om korleis dataspel og programering fungerte.
- Eg prøver å laga ein 3D-modell av Noreg, fortel Øystein Skauli. Han er 17 år gamal og vart interessert i korleis dataspel fungerte då han var 11. Planen er å laga eit dataspel der ein kan ake kor som helst i Noreg.
- Det er litt som eit puslespel, ein har mange små punkt og kodar, og ettersom ein koblar desse klossane saman så får ein noko som ser fint ut. Om eg gjer feil så blir det berre spissar og ikkje fjell, slik som eg vil.
- Det er kult at ungane blir kreativet og ser alle mogelegheiter som finnst i teknologien, seier Geir Arne Hjelle. Han jobbar i Kartverket og er med å arrangerar Hackaton denne helga.
Han meiner programering er meir enn berre moro. Det er også viktig for framtida.
- Verda har blitt så avhengig av teknologi. Difor er det viktig å kunne programere og programere.