I dag vart det sett ein ny noregsrekord, og det av ein eittåring. Oksen Total Balanze er Noregs dyraste nokon gong.
- Det er med ei tåre i augekroken at eg må la han gå, men då eg hadde mogelegheita til å få noregsrekorden vart fristelsen for stor. Det kjem heldigvis alltid ein ny okse, seier bonde Erling Gresseth.
Prisen for oksen var på 180 000 kroner. Det er like mykje peng som for ein bruktbil.