Målingsspann, myntar og kjøkkenutstyr, det er kanskje ikkje det første du forbind med musikkinstrument. Orkesteret Cateura frå Paraguay har blitt verdskjente med instrument lagd av dette og anna søppel, og denne veka spelar dei i Bergen, Drammen og Sandefjord.
Lydnivået vert høgt når 51 barn og unge er samla i Kultursalen på Kulturskolen i Drammen. Samtalane går laust på norsk, engelsk og spansk.
Du merkar på stemninga at dei har hatt heile helga saman.
Dei er nemleg samla frå Paraguay og heile Noreg for å øve saman til å spele tre konsertar litt utanom det vanlege.
Orkesteret som skal spele konsertane er nemleg sett saman av norske musikkstudentar og kulturskuleelevar og det paraguayanske orkesteret for resirkulerte instrument, Cateura.
Drøymde lenge om å få spele
– Den er lagd av ei aluminiumsform, framsida er lagd av ein målingsboks og strengane er festa på ein gaffel, fortel 14 år gamle Daniel Duarte som stolt viser fram fiolinen sin.
Han og dei andre som er med i orkesteret har vakse opp i eit av dei fattigaste slumområda i Paraguay, like ved ei kjempestor søppelfylling med same namn som orkesteret, Cateura.
Daniel hadde drøymt lenge om å spele fiolin etter å ha sett eit orkester på TV, men han hadde ikkje råd til å kjøpe seg eit instrument.
Løysinga kom for eitt og eit halvt år sidan, då han fekk høyre om eit orkester som resirkulerte instrument og søppel frå den store søppeldungen i området deira for å lage nye instrument.
Instrument av søppel
Det var Favio Chavez som starta arbeidet med å bygge instrument for borna ved søppelfyllingen i Cateura i 2006.
Han jobba eigentleg på søppelfyllinga, men hadde tidlegare undervist i musikk.
Dette førte til at han byrja å eksperimentere med å byggje instrument av det han fann på fyllinga, og undervise borna i området i klassisk musikk.
– I Cateura har ikkje borna så mange moglegheiter. Skuleundervisninga er dårleg, fortel Favio.
– Dei fleste må slutte på skulen før dei er ferdige for å jobbe, fordi mange er fattige i Cateura, og ein må hjelpe familiane sine, seier Daniel.
– Dette er ein måte å vise fram og lære vekk noko heilt anna, seier Favio.
Opplevingar han aldri hadde drøymt om
– Det var veldig emosjonelt, fordi eg hadde ynskja det så lenge, og plutseleg hadde eg eitt i handa, det var veldig spesielt, fortel Daniel om første gongen han fekk spele.
Sidan den gong har han opplevd mykje han aldri hadde sett føre seg at han kom til å få oppleve.
– Det mest spesielle er kanskje å få reise så mykje, få nye venar, og oppleve ny mat og nye rytmar, seier Daniel.
Orkesteret med instrumenta lagd av oljefat, kjøkkenutstyr og gamle røyr har nemleg fått merksemd frå heile verda sidan dei starta.
Dette har ført til at dei har fått reise verda rundt. Dessutan har dei fått samarbeide med store namn som Metallica og Stevie Wonder.
Spelar tre konsertar i Noreg
No er Daniel og resten av orkesteret i Drammen for å øve saman med dei norske kulturskuleelevane og musikkstudentane.
– I starten var alle litt sjenert, men etter kvart gjekk det betre, og no kommuniserer vi veldig bra, fortel Daniel.
– Det er nokre av oss som kan litt spansk, og så prøver vi å lære oss spansk og dei prøver å lære seg norsk, fortel Emilija Petrovska (15) frå Bergen.
Ho er ein av kulturskuleelevane som har vore med på øvingshelga.
Kontrastane vert store når ein sett saman dei norske sine dyre og tradisjonelle instrument med dei paraguayanske sine resirkulerte instrument.
– Det er ganske spennande å møte folk som spelar på veldig like instrument, men som er lagd på ein heilt annan måte, seier Emilija.
I går kveld spelte heile det norskparaguyanske orkesteret på Festspillene i Bergen, fredag spelar dei ein gratiskonsert i Drammen på fredag og på laurdag spelar dei på Vestfoldfestspillene i Sandefjord.