Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Få tips av ein av Europas beste spissar

$
0
0

- Eigentleg så ville eg ikkje bli fotballspelar, men heldigvis drog bror og syster mi med, ler Ada Hegerberg. 19-åringen frå Sunndalsøra i Møre og Romsdal er i dag ei av Europas beste fotballspelarar.

Ho er den yngste fotballspelaren på landslaget. Til vanleg spel ho i det franske fotballaget Olympique Lyonnais.

Her gjer ho det så bra at ho har blitt kåra til årets spelar av supportarane og fleire gonger blir samanlikna med Messi.

No er ho i Noreg for å trene med landslaget. Saman med lagvenninnene trenar ho seg klar til å spele i VM i Canada.

- Eg gler meg veldig. VM er noko av det største ein kan vere med på, fortel Ada.

 

 

 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858