Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Ødegaard: – Eg er veldig glad og stolt

$
0
0

Vi hadde venta lenge nok, og etter 58 minuttar kom stunda som fotballinteresserte nordmenn har lengta etter.

Martin Ødegaard blei tidenes yngste debutant for Real Madrid mot Getafe. I tillegg blei han bytta inn for den største stjerna av dei alle.

Etter 55 minuttar tok Martin Ødegaard av seg den raude gensaren for å gjere seg klar til å entre den største fotball-scena som finst.

Tre minutt seinare kom eit sju-tall og eit 41-tall opp på tavla til fjerdedommaren.

På stillinga 5-3 og til enorm jubel blei Martin Ødegaard bytta inn for Christiano Ronaldo etter 58 minuttar.

Og det blei kanskje eit symbolsk bytte også. Byttet mellom den største - og den komande stjerna. Mannen som bærer Real Madrid, mot gutten som skal føre arva vidare.

Ronaldo gav den norske 16-åringen ein god klem før han ønska han lukke til.

– Eg er veldig glad og stolt, seier Ødegaard i følge Real Madrids eigen TV-kanal.

16 år og 157 dagar gamal fekk Ødegaard debuten for Real Madrid. Berre litt over eitt år etter debuten i den norske eliteserien.

Historia hadde fått prikken over i-en med ei scoring frå debutanten, men den unge nordmannen kan uansett vere stolt av sin første kamp.

– Eg synes han klarte seg like bra som ein kunne håpe og ha forventningar om.

– Han virka litt nervøs og usikker i starten, og fann ikkje heilt sin plass på bana og var usikker på kva han skulle føreta seg då lagkameratene hadde ballen, sier C Mores spanske fotballekspert Petter Veland til NTB.

Fikk du med deg Ødegaard på banen?


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858