Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Noreg er vidare til finalen i Eurovision Song Contest

$
0
0

Noreg gjekk vidare frå semifinalen i går kveld, og er no med i finalen i Eurovision Song Contest (ESC).

Mørland & Debrah Scarlett med «A Monster Like Me» får dermed konkurrere i finalen av Eurovision Song Contest i Wien laurdag.

– Det vibrerte på scena

 

Det var i går kveld duoen kjempa om éin av ti finalebillettar. Mørland & Debrah Scarlett var sjette bidrag ut med låta «A Monster Like Me».

– Publikum sang med oss, det vibrerte på scena, seier Debrah Scarlett, før Mørland skyt inn:

– Eg var ikkje nervøs i det heile tatt faktisk, berre veldig emosjonell.

Lykkerus

 

Og dei fortsette å vere emosjonelle då det vart klart at Noreg, saman med Sverige, hadde kome vidare til finalen.

– Dette var helt fantastisk. Ein uverkeleg kjensle, seier Kjetil Mørland minuttar etter at resultatet vart klart.

– Det var heilt fantastisk å stå på den scena. Det var eit uverkeleg augneblink. Så mykje kjærleik og glede. Eg er full av lykkerus akkurat no, legg Debrah Scarlett til.

Mørland & Debrah Scarlett etter at dei fekk vite dei hadde kome vidare til finalen. (Foto: AP Photo/Ronald Zak)

Mørland & Debrah Scarlett etter at dei fekk vite dei hadde kome vidare til finalen. (Foto: AP Photo/Ronald Zak)

Alt kan skje

 

Mange har på førehand tippa at Sverige kjem til å vinne heile Eurovision Song Contest, så då det vart klart at Måns Zelmerlov også hadde kome vidare, kunne han også puste letta ut.

– I og med at eg var favoritt kjende eg at eg verkeleg måtte levere. Så no er eg aller mest letta. Eg trur «Heroes» kan kjempe om ein siger. No skal eg bare gjøre det enda betre i finalen, seier Zelmerlov

Mørland & Debrah Scarlett saman med Måns Zelmerlöw. Noreg og Sverige er dei einaste nordiske landa som er med vidare til finalen. (Foto: Stian Malme/ NRK)

Mørland & Debrah Scarlett saman med Måns Zelmerlöw. Noreg og Sverige er dei einaste nordiske landa som er med vidare til finalen. (Foto: Stian Malme/ NRK)

Etter gårsdagens semifinale vart rekkjefølgja i finalen på laurdag trekt, og «A Monster Like Me» vil bli framført i løpet av første halvdel av finalen.

– No går de for siger i finalen laurdag?

– Alt kan skje i finalen, svarar Mørland lurt.

Denne artikkelen er henta frå nrk.no, og er skriven av Ola Nymo Trulsen, Rikke Askersrud, Hege Bakken Riise og Marianne Kristiansen.

Kven heiar du på i Eurovision Song Contest-finalen?

 

 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858