No vert fleire dømt for hets i sosiale medium. Hittil i år har domstolane behandla seks saker, det er dobbelt så mange som i heile i fjor.
Det er ikkje greitt å latterleggjere og plage andre i sosiale medium, og mange veit kanskje ikkje at det finst ei lov som seier det til og med er straffbart.
Straffbart
I 2013 kom ei lov som seier at det er like straffbart å seie slemme ting mot andre i sosiale medium som i andre offentlege publikasjonar, som aviser, blad og liknande.
– Men vanlege folk veit lite om dette, fortel advokat Jon Wessel-Aas.
Han har lang erfaring med saker som handlar om ytringsfridom på nett, og har forsvart nokon som fekk ein mann dømt for krenking på nett.
Wessel-Aas forklarer at mange ikkje er klar over at alle må følgje dei same lovene som profesjonelle journalistar på sosiale medium, altså det er ikkje lov å skrive krenkande ting om folk der.
- Nettet er ikkje lenger ein lovlaus plass, og fleire melder frå til politiet etter at vi fekk ei endring i lova, seier han.
Dobbelt så mange
Hittil i år har seks saker vore innom retten. Det er dobbelt så mange som i heile i fjor.
- Ein 17-åring vart i april dømd for krenkande bilete og tekst på sosiale medium. Han fekk 45 dagar vilkårsbunde fengsel, det vil seie at gjer han noko straffbart igjen i løpet av den perioden så må han rett i fengsel.
- I Alta gav ei kvinne naboen skulda for ein dødsbrann. Ho fekk 8000 kroner i bot.
- Ein 19-åring i Haugesund kom med grove truslar på Facebook. Han vart dømd til fem månadar fengsel, to av dei månadane vilkårsbunden.
- Også i Haugesund vart ein 20-åring dømd til fem månadar fengsel for truslar i sosiale medium.
- I Vestfold vart ein mann dømd til å betale 200 000 kroner for å ha publisert eit gjesteinnlegg på bloggen sin som skuldar ein annan mann for å vere noko han ikkje er.
- I Sandefjord vart ein mann dømd til å betale 25 000 kroner til ein annan mann, for å ha kalla han stygge ting.