Det var ein kamp på liv og død då eit rådyr gjekk gjennom isen på Hovden i Setesdal. Rask reaksjon frå dei lokale innbyggjarane redda dyret.
- Det var fælt å stå og sjå på eit dyr som var i ein så hjelpelaus situasjon midt ute i isøydet, fortel Grete Breivik til NRK.no.
Clik here to view.

Rådyret gjekk gjennom isen då det skulle krysse vatnet Stusfu. (Foto:Grete Breivik)
Rask redningsaksjon
Tysdag kveld skulle tre rådyr krysse vatnet Stusfu, like ved Hovden sentrum i Bykle kommune, men eitt av dyra klarte ikkje å ta seg over. I staden gjekk det gjennom isen.
I løpet av 10-15 minutt klarte lokale folk å mobilisere ein redningsaksjon for rådyret.
- Eg kom dit to minutt seinare. Det same gjorde fleire naboar og andre bilistar. Eg tippar det tok omkring 30 minutt frå rådyret vart oppdaga, til det var redda i land, forklarer Breivik.
Clik here to view.

Fleire naboar og forbipasserande deltok i redningsaksjonen. (Foto: Grete Breivik)
Utmattet og nedkjølt
Det var redningsmannen Truls Pedersen, med lang erfaring frå arbeid på redningsskøyte, som tok hand om rådyre ute på isen.
Ikledd våtdrakt ålte han seg ut til det forskremte dyret og redda det i land.
- Då rådyret kom inn til land pakka vi det inn i eit ullteppe. Det var veldig utmatta og nedkjølt, seier Breivik.
Rådyret vart liggande på land i ein til ein og ein halv time før det kom seg.
Clik here to view.

Rådyret vart liggjande på land ikledd ullpledd i over ein time for å få tilbake varmen. (Foto: Grete Breivik)
Drektig
- Gleda var veldig stor då vi kunne konstatere at rådyret hadde klart seg. Eg trudde ikkje det hadde tolt mange minutt til i isvatnet, fortel Breivik.
Redningsfolka oppdaga at rådyret var drektig, altså det har små rådyrungar i magen.
- No håper eg berre at dei små i magen også har klart seg, seier Breivik.
Clik here to view.

Då rådyret hadde kome seg, sprang det avgarde. (Foto: Grete Breivik)
Denne saka er henta frå nrk.no, og er skriven av Jon Anders Møllen.