Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Fødde jente på redningsskip

$
0
0

Veldig mange flyktar med båt over Middelhavet for å komme til Europa. Det kan vere farleg, men denne helga vart fleire flyktningar redda av eit italiensk redningsskip.

Ei av flyktningane fødde ei jente rett etter ho kom om bord i redningsskipet. Den gravide mora vart funne i ein båt som hadde kurs mot Europa.

- Både mor og dotter har det bra, seier den italienske marinen.

Den vesle jenta ligg trygt i ei vogge med ei rosa sløyfe på hovudet på det italienske skipet.

50 000 menneske skal ha komme til Europa i båt i år. Veldig mange har mista livet når dei har prøvd å krysse Middelhavet. Noreg og EU ynskjer å bekjempe menneskesmugling i Middelhavet. Denne helga vart 6800 flyktningar redda.

 

 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858