Ikkje alle born har moglegheita til å springe frå russ til russ og be om russekort.
Førre veke fekk vi høyre om Oliver som stadig vert overraska med russekort
No er det fleire born som ynskjer å få hjelp til å samle russekort.
Treng hjelp
I vinter lagde vi ein sak om kreftsjuke Angelica (10), som måtte få hjelp for å bli frisk.
Ho er framleis sjuk, og har vore på sjukehus i fleire månadar no.
I mellomtida har russane poppa opp som blomar rundt i heile Noreg.
Sidan Angelica og dei andre borna med kreft på sjukehuset, er så sjuke at dei ikkje kjem seg ut, lurer ho no på om folk kan sende ho russekort.
Det gjer ingenting om du sender fleire av same kort, for då kan ho dele dei med dei andre kreftsjuke borna på sjukehuset.
Send russekort
Med andre ord, dersom du har mange russekort til overs, eller spør ein russ om ekstra russekort, så kan du sende dei til:
Angelica Simonsen, Postboks 278, 1441 Drøbak.
Ho blir også glad dersom de skriv ei lita helsing til med russekorta de sender.
Hugs å setje på nok frimerke!