Jula nærmar seg, og mange har allereie begynt å kjøpe julegåver.
No viser ei ny undersøking at barna vil få dyrare julegåver i år enn nokon gong.
Ylva (11), Maria (12) og Marwa (12) veit godt kva som står øvst på deira ønskeliste. Det er dei dyre tinga.
SJÅ OGSÅ: Elevar lagar julegåvane sjølv
- Eg trur det er fordi ein ønsker seg det som er nytt, seier Maria.
Ylva har funne fram ein mobil som ho ønsker seg til jul.
- Mobilen er frykteleg dyr, så for å vere heilt ærleg, trur eg ikkje at eg får han, seier Ylva.
Silje Sandmæl er ekspert på økonomi, og veit kvifor vi brukar meir pengar på julegåver i år.
- Vi har betre råd. Den norske økonomien har gått veldig bra dei siste åra. I tillegg ønsker barna seg dyrare ting, seier Silje.
At folk brukar meir pengar på julegåver, synest Silje er dumt.
- Jula handlar ikkje om å gje den beste gåven, men om å gje noko som gler, og det treng ikkje koste så mykje, seier ho.