Ei kvinne i 30-åra vart avvist av skrankepersonalet då ho ville ta med seg katten sin om bord på flyet til London.
Kvinna reagerte med å gå til den andre enden av bygget på Gardermoen. Der sette ho buret med katten bak nokon andre sin bagasje, og dermed forlate katten på flyplassen.
– Dei to Norwegian-tilsette vart mistenksame då kvinna kom tilbake etter ein halv time og skulle ha billett til berre seg sjølv, fortel politioverbetjent Solfrid Nyheim på Gardermoen politistasjon.
– Dermed gjekk dei ut for å leite, fann katten i eit bur og kom hit til oss med den.
Laug til politiet
Då politiet fekk tak i kvinna, forklarte ho at ein ven hadde henta katten for ho. Ho fortalde at ho hadde vore ute og levert den i bilen hans.
– Men då vi gjekk gjennom overvakingsbileta frå flyplassen såg vi at dette var ein historie ho fann på, seier Nyheim.
Saka er politimeldt, og skal no etterforskast.
Katten vart levert til Dyrebeskyttelsen på Lillestrøm.
– Vi kan jo ikkje levere den tilbake til ein eigar som behandlar den slik, meiner politioverbetjenten.
Ho syns det som skjedde i går ettermiddag er forferdeleg tragisk.
– Det er alvorleg å sette dyr til sida på den måten. Det finst betre løysingar dersom ein skal ut og reise.

Eigaren av katten gjekk frå Norwegian sin billettskranke til andre enden av bygget, og sette katten frå seg der. (Foto: NRK)
Ikkje katt i kabinen
– Det er ikkje lov å reise med kjæledyr i kabinen på utanlandsfly. Dersom dyra skal sendast i lasterommet krevjast det litt planlegging, og det er avgrensa med plass.
Det seier kommunikasjonsdirektør i Norwegian, Lasse Sandaker-Nielsen.
Han understrekar at han ikkje kjenner detaljane kring kvifor denne kvinna ikkje fekk ta med seg katten sin.
I tillegg roser han dei tilsette på Gardermoen som ante kva som var på ferde, og han meiner dei takla saka godt.
Poser med klede
Lasse Vangstein er tilsett ved Oslo lufthamn, Gardermoen, for å snakke med pressen når det skjer ting der, og han er overraska over historia.
– Dette er veldig uvanleg, seier han.
Vidare fortel han at dei er vande med at folk kan setje igjen litt klede i ein pose dersom dei har for mykje bagasje, men det er noko anna enn eit levande dyr.
– At folk sett igjen dyr her oppe er veldig sjeldan. Det har eg aldri høyrd om før, seier Vangstein.
Han eig dyr sjølv og syns det er veldig trist at nokon vel å setje igjen husdyret sitt på flyplassen og reise.
– Det er ikkje noko hyggeleg, seier han.
Politioverbetjent Nyheim har derimot opplevd dette ein gong tidlegare, då ein katt vart forlate.
– Den kalla eg Snø. Den bur heime hos meg, og er min femte katt, seier ho.
Denne saka er henta frå nrk.no, og er skriven av Ingrid Vestre Haram, Trine Bråthen og Sarah Pierstorff.