Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Opprettar eige dyrepoliti

$
0
0

I løpet av året får Noreg sitt første dyrepoliti.

Først ut er Sør-Trøndelag, kor politidistriktet og Mattilsynet startar eit pilotprosjekt, altså eit prosjekt der dei prøver ut dyrepoliti for første gong.

Ein stor dag

 

Det var i Oslo i dag at ei rekkje med forslag mot dyrevelferdskriminalitet vart lagt fram.

Det vil seie at to departement i samarbeid med Mattilsynet, Politidirektoratet og Økokrim har kome med forslag til kva dei kan gjere for å hindre at folk gjer kriminelle ting mot dyr.

– Dette er ein stor dag for alle som er opptatt av dyra sine rettigheiter, og det å motarbeide kriminalitet mot dyr, sa landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (FrP).

Prøvast ut

 

I løpet av året startar eit pilotprosjekt i Sør-Trøndelag, kor politidistriktet og Mattilsynet skal samarbeide om å motarbeide dyrevelferdskriminalitet.

Mattilsynet skal fortsatt passe på og ha veterinærar, medan politiet no får ei fast gruppe som skal arbeide med dyrekriminalitet.

– Dette skal prøvast ut i tre år og evaluerast undervegs for å sikre oss at vi får på plass eit velfungerande opplegg for samarbeidet mellom politiet og Mattilsynet, forklarte Listhaug.

Etterlengta

 

Mattilsynet hadde 38 politianmeldingar knytta til dyrevelferdskriminalitet i fjor.

Justisminister, Anders Anundsen, trur satsinga på dyrepoliti kjem til å føre til fleire anmeldingar og saker.

– Dette samarbeidet har vi ynskja veldig lenge, og vi trur det vil føre til resultat, sa Harald Gjein, direktør i Mattilsynet.

Pilotprosjektet er lagt til Sør-Trøndelag fordi Mattilsynet tidlegare har samarbeida godt med politidistriktet, forklarte han.

Og med det nyoppretta dyrepolitiet, så slepp vi forhåpentlegvis fleire saker som dette:

Denne saka er henta frå nrk.no, og er skriven av Amund Aune Nilsen.

Kva syns du om eit eige dyrepoliti?


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858