Kygo tok turen rett frå ein av verdas største musikkfestivalar, Coachella, til studio for å lage ny musikk.
I framtida kan han tenkje seg å samarbeide med artistar som Chris Martin frå Coldplay og canadiske Abel Tesfaye, betre kjend som The Weeknd.
Avslørte i intervju
Det er i eit intervju med det amerikanske magasinet Billboard at Kygo røper interessa for eit samarbeid.
Intervjuet vart gjort etter at Kygo tidlegare denne veka spelte på det som reknast som ein av verdas viktigaste musikkfestivalar, Coachella Vally Music And Arts Festival i California.
Dei veit ikkje enda kor mange som var der i år, men i fjor kom det heile 579.000 besøkande til festivalen i løpet av dei seks dagane festivalen varte.
Jaktar på talentfulle vokalistar
I år fekk Kygo ein sentral plass under festivalen, der mange andre store artistar som Lykke Li, AC/DC , Florence And The Machine og tidligare nemnte The Weeknd spelte.
– Eg likar stemma til The Weeknd. Samtidig er det så mange talentfulle vokalistar eg kunne tenkje meg å samarbeide med, fortel Kygo.
– Dei treng ikkje nødvendigvis å ha eit stort namn. Det eg er på jakt etter er talent, seier han.
Det var nettopp talent han føler han fann i australske Conrad som er med i låta «Firestone» og Parson James i låta «Stole The Show».
Satsar på det britiske markedet
I studioet han reiste til i Los Angeles, rett etter fesitvalen, har han jobba fram til fire på natta for å spele inn nytt materiale.
Når han slepp sitt første album er derimot ikkje klart enda.
– Det kjem ikkje med det første, men når det er klart, seier Kygo.
Samtidig fortset bergensaren sin suksess over store delar av verda. Sist veke gjekk «Firestone» inn blant dei 10 øvste låtane på den offisielle hitlista i Storbritannia.
Denne veka ser den ut til å gå to steg opp til åttande plass.
Neste veke er Kygo på plass i London for å gjere intervju der, sidan det går så bra.
– Det er morosamt å sjå at musikken min ikkje lenger berre er populær på streaming-tenestar, men no også når gjennom i meir tradisjonelle salskanalar.
Festivalsommar og Bergen
Til sommaren skal Kygo opptre på ei rekkje festivalar, mellom anna i Göteborg, Berlin og Kristiansand.
Laurdag 13. juni spelar han i heimbyen sin på festivalen Bergenfest.
Då skal eit av dei største og nyaste hotella i byen gjerast om til eit ekte Kygo-hotell i fire dagar.
– Det å spele mitt nye sceneshow på heimebane blir blant dei heftigste høgdepunkta i sommer, avsluttar Kygo med.
Denne artikkelen er henta frå nrk.no, og er skriven av Tom Arne Moe.