Ved Hatlane skule i Ålesund har dei eit heilt spesielt rom for elevar med ulike utfordringar og som treng litt ekstra hjelp.
Dei kallar det for eit sanserom, og her kan elevane komme for å få ei god oppleving.
- Vi skal kosa oss, og vi kan finne på noko morosamt, seier Anna (8).
Anna likar å synge for Eurora i ballbassenget. Eurora kan nemleg ikkje snakke.
- Ho er så glad, blid og søt, seier Anna.
Innimellom får også resten av klassa komme til sanserommet. Dei likar skulen sitt sanserom.
- Det var fint, seier Jon.