– Tullar du? Åhh, hjartet mitt bankar så fort akkurat no.
Det var reaksjonen til Martine Mohn Stuedahl (23) frå Trondheim, då ho fekk vite at ho hadde vunne filmpolitiets cosplaykonkurranse.
Ho hadde kledd seg som Lucrezia Borgia frå TV-serien The Borgias.
Med dette kostymet vann ho ein Playstation 4, og kan krone seg med tittelen «Filmpolitiets cosplaymester 2015».
– Tusen takk! Eg skal setje meg ned litt eg, sa den glade vinnaren då ho fekk nyhenda i dag.
Skryt frå juryen
– Vinnaren viste god stemning i forhold til serien og karakteren. Det er eit flott kostyme med mange detaljar, og med ein veldig fin parykk og god liksemje med karakteren er ho ein god vinnar, forklarar juryen sin fagekspert Christina Erring.
Filmpolitiet sin juryrepresentant, Marte Hedenstad, legg vekt på at vinnarbilete er ei god framstilling av Lucrezia Borgia slik ho er i serien.
I tillegg får Martine skryt for handarbeidet ho har gjort.
– Kjolen er detaljert og er lik originalen, seier Marte.
Brukte fleire månadar på kostymet
Martine har drive med cosplay sidan 2012. Det var ei blanding av beundring for TV-serien The Borgias og det at ho ville ha ei real utfordring, som gjorde at ho valde å kle seg som Lucrezia Borgia.
– Eg er veldig fan av serien og likar Lucrezia Borgia veldig godt. Og det var ei utfordring fordi eg likar historiske kostymer, men eg hadde aldri prøvd meg på noko så stort før, så difor valde eg Lucrezia.
Korleis var det å cosplaye Lucrezia?
– Det var strålande, ein kjenner seg eigentleg litt kongeleg.
Martine har lagd heile kostymet sjølv, og har lagt ned mykje arbeid i mønster og detaljar.
– Eg byrja med ein god del research og fann fram dei største tøya. Alle mønstra er laga for hand og til å passe meg. Eg jobba litt på og av i to til tre månadar. Ganske mange timar.
Mange gode deltakarar
Sjølv om det berre kan vere éin meister, er det fleire som fortener heiderleg omtale. Her er juryen sine andre favorittar:
Jurymedlem Stig Frode Henriksen vart imponert over Lena Pedersen, som hadde kledd seg som Harley Quinn frå Batman: Arkham Asylum.
– Både haldninga og personlegdom passar både kostymet og karakteren, meiner Stig.
Marte Hedenstad frå Filmpolitiet vil trekkje fram Øyvind Krogrud som er kledd som Master Chief frå Halo 4.
– Eg let meg alltid imponere av kor dedikterte mange cosplayere er med tanke på kor mange timar som brukast i å lage kostyma, seier Marte.
Denne artikkelen er henta frå p3.no og er skriven av Sigurd Vik.
Kven ville du kledd deg som?