Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Kan leksefri redde skulen?

$
0
0

Soma skole i Sandnes har så få elevar at den står i fare for å bli lagt ned. I 2013 hadde skulen 76 elevar, i år har talet på elevar gått ned til 60.

På trass av at dei har plass til mange fleire elevar, fryktar dei at dei neste år berre er 50 elevar.

No vil foreldra til elevane prøve å snu på dette ved å droppe lekser.

– Skulen er kjempebra i seg sjølv og kanskje vi kan få andre i nærområdet til å velje Soma skole, seier Fau-leiar på skulen, Jorunn Kvalbein.

Det er ho som har kome med forslaget, fordi ho er sikker på at det er mange foreldre som ynskjer leksefri skule.

Elevane delte i synet på leksefri skule

Jorunn trur at leksefri skule ikkje berre vil lokke fleire elevar til skulen, men også vil lette kvardagen for mange.

– Det er veldig forskjellige foreldre rundt om i heimane. Mange kan ikkje løyse ein brøk i dag, og det er nokre som ikkje har norsktalande foreldre som kan hjelpe, seier ho.

Ho meiner at leksefri skule vil gagne alle, men elevar sjølve er delte i synet på leksefri.

– Det hadde vore greitt, men det hadde også vore noko som mangla. Eg føler eg blir betre av å gjere lekser, seier ein av elevane.

Ein annan elev meiner derimot at leksefri hadde vore greitt.

– Ein leksefri skule hadde vore greitt. Då hadde eg ikkje hatt noko stress når eg kom heim, seier den andre eleven.

Rektor open for leksefri

Rektoren ved Soma skule, Geir Mikalsen, seier det vil krevje store omleggingar i undersvisninga å gjennomføre ein leksefri skule.

Likevel er han open for å vurdere det dersom det kan redde skulen frå nedlegging.

Det er nemleg kvar enkelt skule som sjølv avgjer korleis undervisninga skal leggjast opp, men det er få skular som har eit leksefritt tilbod.

– Dersom vi kan gjere tiltak som fører til at fleire elevar søkjer seg til Soma er det veldig positivt for skulen, seier rektor.

Samtidig understrekar han at ikkje er planar for å gjennomføre det leksefrie tilbodet akkurat no.

Denne saka er henta frå nrk.no, og er skriven av Mari Friestad og Magnus Stokka.

Kva syns du om leksefri skule?

 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Trending Articles


FORECLOSURE OF REAL ESTATE MORTGAGE


Girasoles para colorear


mayabang Quotes, Torpe Quotes, tanga Quotes


Tagalog Quotes About Crush – Tagalog Love Quotes


OFW quotes : Pinoy Tagalog Quotes


Long Distance Relationship Tagalog Love Quotes


Tropa Quotes


Best Crush Tagalog Quotes And Sayings 2017


“BAHAY KUBO HUGOT”


Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.


Pokemon para colorear


Sapos para colorear


Tagalog Love Quotes – Nagmamahal


Break up Quotes Tagalog Love Quote – Broken Hearted Quotes Tagalog


Patama Quotes : Tagalog Inspirational Quotes


Tagalog Quotes To Move on and More Love Love Love Quotes


5 Tagalog Relationship Rules


Long distances monthsary message tagalog


Re:Mutton Pies (lleechef)


Vimeo 10.7.1 by Vimeo.com, Inc.