Sjetteklassingane på Danvik skole i Buskerud er skikkeleg sjakkinteresserte. For dei har dei siste vekene skapt endå meir sjakktenning.
- Det er jo litt kult at ein fra Noreg har blitt verdsmeister, seier Sara.
Nesten heile Noreg såg på ein sport dei fleste aldri hadde sett på tv før.
- Eg trur eg såg alle matchane, seier Lasse.
Butikkane gjekk nesten tomme for sjakkbrett.
Mange har ønska å flytte dei svarte og kvite brikkene på den luraste måten.
- Det har vore heilt vilt. No skal alle moglege menneske spele sjakk, seier sjakkseljar Øystein Brekke.