Ni år gamle Remi Kleiv går i tredje klasse ved Kvitseid skole. For å følgje med på undervisninga er han avhengig av å få pensumbøkene i punktskrift, ein skrifttype som blinde kan lese ved å ta på utheva prikkar med fingrane.
Av dei tolv bøkene han treng, var det berre fire som var på plass til skulestart i august. Framleis manglar han to av bøkene.
– Slik skal det ikkje vere, seier mora til Remi, Aina Mari Kleiv.
Ho fortel at det skal så lite til før desse borna vert annleis. Difor meiner ho at det er ekstra viktig at ein sørgjer for at dei får vere mest mogleg som alle andre born.
– Uakseptabelt
Ei undersøking viser at Remi ikkje er den einaste som ikkje får bøkene sine i tide. Heile åtte av ti blinde born har fått skulebøkene for seint.
– Dette er heilt uakseptabelt, seier Sverre Fuglerud frå Blindeforbundet.
Han fortel at det har vorte mykje enklare å produsere bøker i punktskrift i dag. Vanlege romanar er tilgjengeleg i punktskrift like etter dei vert utgitt, det burde også kunne gå an å gjere med skulebøker, meiner han.
Held på tidsfrista
Alle skular må bestille bøkene som skal vere klare til skulestart allereie i slutten av januar. Sjølv om mange skular bestiller innan denne fristen, er det altså mange som får bøkene for seint, eller ikkje i det heile tatt.
Dei som har ansvaret for at bøkene skal vere klare i tide, Statped, beklager at elevane har fått bøkene for seint.
Dei skal no sjå på korleis dei kan bli betre på å levere bøker i tide. I mellomtida ber dei skulane om å bestille bøker som dei veit er tilgjengelege.
Denne saka er henta frå nrk.no, og er skriven av Hanne Kari Fossum.