Kvinnehopping sin store pioner, Anette Sagen (30), har ikkje lenger motivasjon til å drive med toppidrett.
– Det er så enkelt som at eg syns ikkje det er så artig å stå på toppen av ein hoppbakke lenger. Eg elskar sporten, men gleda ved å konkurrere er borte, seier Anette til NRK.
Ho har brukt store delar av sitt vaksne liv på å kjempe for at dei kvinnelege utøvarane i hopp skal få dei same rettane som dei mannlege.
– Ein lette
Kampen for å få dei same rettane er langt på veg ferdigkjempa. Uavhengig av det har Sagen mista motivasjonen til å drive med toppidrett.
– Utan motivasjon har eg ikkje det som må til for å vere best. Eg vil ikkje drive med dette dersom eg ikkje kan vere best, seier Anette.
– Korleis opplevast det?
– Det har vore ein prosess, men det går greitt no. Eg gler meg til å ta fatt på ein ny epoke i livet. Eigentleg var det ein lette då eg hadde tatt valet.
Ho seier avgjersla vart tatt då ho ikkje kom med på laget som deltok i VM i Falun.
– Men eg har nok eigentleg tenkt på dette lenge, litt umedviten, og visst at dette ville bli den siste sesongen, seier Anette.
– Korleis trur du du blir hugsa?
– Eg håper eg blir hugsa som ein som var god, og som gjorde mykje for sporten.
Har sett spor
Det er nemleg liten tvil om at Anette har sett sine spor som idrettsutøvar.
Ho sto i bresjen då kvinnene sette i gang kampen for å få hoppe verdscup, VM og OL.
– I det siste har det handla mest om å hoppe bra, men for ti år sidan var det meir. Då var det naudsynt å ta i eit tak dersom ein ville vere med, og det var jo det som var draumen, seier Anette.
Dei siste sesongane har Sagen slite med å finne forma.
Ho vart ikkje funne god nok då kvinnehopp sto på OL-programmet for første gong i 2014. Eit nederlag for Anette, som hadde kjempa i årevis for å få dette til.
Historia gjentok seg då ho ikkje kom med i troppen som deltok i årets VM.
Sjå den ein av dei første tv-reportasjane NRK lagde om Anette Sagen:
Denne artikkelen er henta frå nrk.no, og er skriven av Yasmin Sunde Hoel og Anders Engeland.