Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Noa (15) er barnevaktmillionær

$
0
0

15 år gamle Noa Mintz, frå New York i USA, har gjort noko mange sikkert ikkje ein gong har drøymt om.

Ho tjente nemleg 480.000 dollar, altså 3,6 millionar kroner, i fjor på barnevakttenester.

Ville ha meir for pengane

Det er berre knappe 3 år sidan ho som 12-åring starta tenesta Nannies by Noa.

Ideen kom då ho sjølv var misnøgd med hennar eigen barnevakt, og meinte mora kunne få meir for pengane.

Deretter byrja ho å hjelpe alle vennane til mora å finne nye barnevakter.

– Eg syns det var kjekt å bli kjend med familiane, finne ut kva dei trong, og deretter finne ei passande barnvakt.

Mange tilsette

Faren hjelpte ho med å starte firmaet, sidan ho var mindreårig og trong litt økonomisk hjelp i starten. No kan ho derimot skryte av å ha 190 faste kundar, fortel den amerikanske nyhendekanalen CNN.

For å gi dei 190 kundane den hjelpa dei treng, har ho no 25 tilsette som er barnevakter på fulltid, og 50 barnevakter som jobbar deltid. I tillegg har ho no hovudkontoret sitt midt i Manhattan i New York.

I fjor tilsette ho 26 år gamle Allison Johnson til å hjelpe ho med å styre selskapet til dagleg. Noa hadde då jobba 40 timar i veka i tillegg til å gå på skule.

Barnevakttenesten til Noa har også ein profesjonell heimeside.

Barnevakttenesten til Noa har også ein profesjonell heimeside.

Tar ikkje ut løn

Sjølv om firmaet hennar no går så bra at ho tenar millionar på det, så har ho visst ikkje tatt ut noko særleg løn sjølv enda.

Fram til no har ho stort sett investert pengane på å utvide og reklamere for tenesten sin.

– Eg kjem nok til å ta ut løn etterkvart, men ikkje enda, fortel Noa.

Ho ser det heller ikkje på som umogleg at ho skiftar karriere etterkvart.

– Først må eg bli ferdig med ungdomskulen. Etter det kan det vere at eg startar opp andre firma, kven veit. 

Sitt du barnevakt?

 

 

 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Trending Articles


Girasoles para colorear


mayabang Quotes, Torpe Quotes, tanga Quotes


Tagalog Quotes About Crush – Tagalog Love Quotes


OFW quotes : Pinoy Tagalog Quotes


Long Distance Relationship Tagalog Love Quotes


Tagalog Quotes To Move on and More Love Love Love Quotes


5 Tagalog Relationship Rules


Best Crush Tagalog Quotes And Sayings 2017


Re:Mutton Pies (lleechef)


FORECLOSURE OF REAL ESTATE MORTGAGE


Sapos para colorear


tagalog love Quotes – Tiwala Quotes


Break up Quotes Tagalog Love Quote – Broken Hearted Quotes Tagalog


Patama Quotes : Tagalog Inspirational Quotes


Pamatay na Banat and Mga Patama Love Quotes


Tagalog Long Distance Relationship Love Quotes


BARKADA TAGALOG QUOTES


“BAHAY KUBO HUGOT”


Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.


Vimeo 10.7.1 by Vimeo.com, Inc.