29 år gamle Ørjan Johannessen frå Austevoll fekk i går gullmedalje i kokkemeisterskapet Bocuse d'Or. Kokkemeisterskapet vert arrangert i den franske byen Lyon annakvart år, og blir sett på som det uoffisielle verdsmeisterskapet for kokkar.
Saman med assistenten Jimmy Øien og trener Odd Ivar Solvold, gjekk Ørjan til topps føre 23 andre land. USA kom på andreplass, og Sverige på tredjeplass.
I finalen fekk det norske laget fem og ein halv time på seg til å lage ein kjøttrett og ein fiskerett. Det var også bestemt på førehand at hovudingrediensane i dei rettane skulle vere perlehøns og aure.
Femte norske gullmedalje
Johannessen jobbar til dagleg på Bekkjarvik Gjestgiveri i Austevoll i Hordaland. I Europa-meisterskapet i Stockholm i fjor tok han bronse. Han var også med på Bocuse d'Or i 2013, men då kom han på femteplass.
Dette er femte gong ein norsk kokk vinn den prestisjetunge konkurransen. Det er faktisk berre Frankrike som har fleire gullmedaljar enn Noreg. I tillegg har Noreg tidlegare tatt to sølv- og to bronsemedaljar.
Bent Stiansen, som var den første norske vinnaren av Bocuse d'Or i 1993, meiner det er mykje vanskelegare å vinne konkurransen no enn det var då han vann.
– Det er den største prestasjonen gjort av ein kokk i Noreg nokon gong. Det er så steinhard konkurranse nå, seier Stiansen til NRK.
Kva likar du å lage på kjøkkenet?