Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Ebolafriske Silje er tilbake i Sierra Leone

$
0
0

Det har snart gått fire månadar sidan Silje følte seg uvel etter at ho kom heim frå jobb for hjelpeorganisasjonen Leger Uten Grenser i byen Bo i Sierra Leone.

Det ho følte skulle vise seg å vere ebola, den same sjukdomen som har tatt livet av fleire tusen i Vest-Afrika.

Frisk og ikkje smittsom

I all hast vart ho frakta til Noreg. Her fekk ho livsviktig behandling og 20. oktober vart ho erklært frisk og ikkje smittsam.

Men etter nokre månadar heime i Vesterålen er den 30 år gamle legen tilbake i Sierra Leone, skriv VG.

Enda større motivasjon

– Motivasjonen min er nok enda sterkare no enn sist. Dette er jo det største ebolautbrotet i historia. Sjølv om talla no ser ut til å gå nedover, er det ein stor jobb som står igjen før vi forhåpentlegvis når null. Eg  kjenner meg heldig som har moglegheit og får lov til å bidra, seier Lehne Michalsen til avisa.

I dag er ho sannsynlegvis immun mot viruset, sidan ho har vore gjennom sjukdomen, men ho vil likevel ikkje ta nokon sjansar.

Talet på smitta i Vest-Afrika har gått tilbake den siste tida, men Lehne Michalsen åtvarar mot å tru at kampen er vunne.

– Det vil fortsatt krevjast ein solid innsats før vi er i mål. Og når vi endeleg er det, håper eg verkeleg ikkje at alle reiser og overlèt helsevesenet her til seg sjølv. Det var dårleg frå før, men har nærmast kollapsa under ebolaepidemien, seier ho til VG.

Denne artikkelen er henta frå nrk.no, og er skriven av Andreas Budalen.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Trending Articles


tagalog love Quotes – Tiwala Quotes


Break up Quotes Tagalog Love Quote – Broken Hearted Quotes Tagalog


mayabang Quotes, Torpe Quotes, tanga Quotes


Tagalog Love Quotes – Nagmamahal


Long Distance Relationship Tagalog Love Quotes


Ligaw Quotes – Courting Quotes – Sweet Tagalog Quotes


INUMAN QUOTES


Re:Mutton Pies (lleechef)


EASY COME, EASY GO


FORECLOSURE OF REAL ESTATE MORTGAGE


Pokemon para colorear


Sapos para colorear


Problema Quotes – Pera Quotes


Tagalog Quotes About Crush – Tagalog Love Quotes


Two timer Sad tagalog Love quotes


5 Tagalog Relationship Rules


Best Love Life Quotes Collection


Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.


Vimeo 10.7.1 by Vimeo.com, Inc.


Girasoles para colorear