Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Fant fire kattunger i søpla

$
0
0

Malena Strusshamn Sutherland fann fire nyfødde kattungar i ein plastpose i søpla. Nå ber ho den eller dei som la dei der om å melda seg.

Det var i går kveld i 21-tida Malena oppdaga dei fire små kattungane då ho skulle kasta restavfall ved burettslaget sitt i Sandnes. Burettslaget nyttar containerar under bakkenivå til avfall – og dei må ein ha kodebrikke for å opna.

– Eg høyrde mjauing, og då gjekk det opp for meg at det måtte vera kattar nede i søppelet. Eg blei opprørt og ringde politiet, fortel Malene til NRK.

Med god hjelp av blant andre sambuaren til søskenbarnet fekk ho fiska opp kattungane med eit langt skaft med ein krok på. Kattungane låg i ein samanknytta plastpose, fortel Malene.

– Dei var nyfødde og veldig kalde. Eg stappa dei ned i genseren for å varma dei. Det var ei forferdeleg oppleving og eg sov ikkje særleg godt i natt, seier Malene som har meld saka til politiet.

– Heilt forferdeleg

Dyrebeskyttelsen Norge har også blitt kontakta. Også dei kjem til å melda saka til politiet.

– Dette er heilt forferdeleg. Me er nesten på gråten alle mann over at folk kan vera så grufulle mot små hjelpelause dyr. Kattungane hadde ikkje klart seg særleg lenge i containeren, seier nestleiar i Dyrebeskyttelsen Norge Nord-Jæren, Egil Heine Strand, til NRK.

Han takkar nå dei som greip inn og kontakta politiet og Dyrebeskyttelsen om saka.

– Nå er alle dei fire kattungane plasserte i to ulike heimar med ammande kattemødrer. Den eine heimen er på Klepp, den andre i Sandnes, fortel Strand.

Artikkelen er fra nrk.no og er skrevet av Magnus Stokka.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858